Skift
språk
Fjordhesten - ein norsk hest i Danmark
Fjordhesten - ein norsk hest i Danmark

Josefine Jacobsen - Nykøbing Skole (Odsherred litteratur- og læsefestival 2020)

Översatt till nynorska av Linda Eide Ellingsen
3
4

Fjordhesten kjem opphaveleg frå Noreg. Tidlegare blei han òg kalla “nordbagge”, husmannshesten, den lille gule, norsk fullblods, og mykje anna. Men i dag heiter han berre Fjordhesten.

5
6

Han er ein av dei eldste hesterasane i Europa. Han kom til Danmark under 1. verdskrig, og Danmark er det nest eldste fjordhestlandet.

7
8

Ein kan kjenne att Fjordhesten på pelsen. Fargane er: gul, grå, raudgul, ulsblakk og gulblakk. Han har òg ein mørk eller lys stripe langs ryggen.

9
10

Den gamle Fjordhesten blei mest nytta til arbeid på garden, men i dag blir han mest nytta til sprang, dressur, osb. I gamledagar var Fjordhesten langsam og sterk. I dag er han meir frisk og livleg.

11
12

Ein kan godt nytte Fjordhesten til stemner. Han kan starte i alt frå sprang til dressur til barrelrace. Du bør likevel trene han opp i den greina du vil starte i, sånn at du har større sjanse for å vinne. Det finst både NM, EM og VM for fjordhestar.

13
14

Fjordhesten har ein heilt unik man, som er hesten sitt lange hår på hovudet. Ho er samansett av to kvite striper og ein svart. Mana kan òg liggje ned. Det er framleis to kvite striper og ein svart.

15
16

Rasen får vinterpels om vinteren, men ein kan likevel leggje dekken på han, som er ei slags jakke for hesten. Om ein vil ha ein rein og fin hest må ein strigle han kvar dag.

17
18

Ein fjordhest kan vere både ein ponni, som kan vere max 148 cm høg, eller ein hest, som må vere minst 148 cm høg. Fjordhesten kan altså vere både liten og stor.

19
20

Ein skal stelle fjordhesten og andre hesterasar på same måte. Dei skal ha mat morgon og kveld. Utover det er det ein god idé å gi han litt snacks i løpet av dagen.

21
22

Fjordhesten et det same som andre hestar. Hestar et blant anna høy, raps, musli, mash, gulrøter, eple, rugbrød og lyst brød.

23
24

Ein Fjordhest kostar mellom 14.000 og 55.000 kr. Det har stor betydning for prisen om han er ridd inn. Det vil seie at ein har trena hesten slik at ein kan ride på han.

25
26

Når ein kjøper ein hest må ein kunne ta ansvar for han, ha nok pengar og tid til han. Hesten treng både smed, dyrlege og oppstalling på eigen eller andre sin gard.

27
28

Kjenner du nokon andre hesterasar? Kva hesterase liker du best?

29
Fjordhesten - ein norsk hest i Danmark

Foto/ Myndir/ Asseq/ Valokuva/ Govvá/ Guvvieh/ Nuotraukos/ Fotod/ Photo:
S1+24: Congerdesign - pixabay.com
S4: GoogleMe - commons.wikimedia.org
S6: Trygd - pixabay.com
S8: A. Köhler - commons.wikimedia.org
S10+22: Pxfuel.com
S12: de:Benutzer:BS Thurner Hof - commons.wikimedia.org
S14: DomenicBlair - pixabay.com
S16: Loteilin - pixabay.com + S18: Pixabay.com
S20: Jennifer Slot - flickr.com + S26: Pxhere.com
S28: Sven Lachmann - pixabay.com

Bogen er skrevet i en skrivekonkurrence på Odsherred Litteratur- og læsefestival 2020.
www.facebook.com/litteraturfestivaliodsherred
Forrige side Næste side
X