Skipta um
tungumál
Ein isbre forsvinn - målingar på Sólheimabreen

8. bekkur Hvolsskóla

þýtt á nýnorska frá Linda Eide Ellingsen
3
4

Sólheimabreen er ein isbre i den sørlege delen av Mýrdalsjøkulen i Sydlandet. Den er i Vestur - Skaftafellssýsla (amt). Mýrdalsjøkulen er den sørlegaste breen på Island.

5
6

Sólheimajøkulen er ei bretunge som er omlag 14 km lang og 1-2 km brei. Opphavet hennar er 1505 meter over havet, på ein plass som ein kallar Hábunga i Katlas krater. Vatnet som kjem frå ho heiter Jökulsá á Sólheimasandi.

7
8

Global oppvarming og klimaendringar påverkar Sólheimajøkulen, som er smelta med 408 meter frå 2010-2021 i følgje målingar frå Hvolsskoli.

9
10

11
12

Elevane i 7. klasse på Hvolsskóli har kvart år sidan 2010 drege til Sólheimajøkulen for å måle endringar på breen.

13
14

Elevene dreg med buss til breen. Dei går til eit stort informasjonsskilt, der dei plasserar eit flagg og tek eit GPS-punkt. Dei går til ein steinvarde, der dei tek eit nytt punkt, og så seglar dei til breen med GPS-målaren for å gjere sjølve målinga.

15
16

I år 2010 var det 318 meter frå skiltet til GPS-punktet ved breen. Elevane kunne gå til bretunga, og det var veldig lite vatn foran breen, med unntak av Jökulsáin (breelva).

17
18

Fire år seinare, i år 2014, var det skjedd ei stor endring. Breen hadde smelta mykje, og avstanden mellom GPS-punktane var no 487 meter. Det var komen ein liten lagune foran breen, og difor trong ein båt for å kunne gjere målinga.

19
20

Hausten 2021 var det skjedd ei stor endring. Lengden mellom punktane var no 726 meter, og breen var difor smelta 426 meter frå den fyrste målinga. Det var no ein djup lagune foran bretunga.

21
22

Ein prøver å måle kor djup lagunen er på turane. Ein senkar ei snor med noko tungt i enden ned i vatnet. Fyrste gong ein forsøkte måtte ein finne ei lengre snor for å nå botnen. Lagunen er omkring 60 meter djup.

23
24

Dei siste åra har redningskorpset Dagrenning frå Hvolsvöllur hjelpt elevane med målingane fordi bretunga ligg i vatnet som blir større og større, og no kun er tilgjengeleg frå båt.

25
26

Då ein byrja å gjere målingane var det moleg å gå til bretunga, så denne endringa viser kor mykje breen har smelta.

27
28

Prosjektet har motteke ulike prisar: Naturbeskyttelsesprisen frå Sigríður i Brattholt, og er blitt nominert som “Miljøets voktere” for målingane.

29
30

I 2019 kom den tyske presidenten, Frank Walter og følget hans, på eit offentleg besøk saman med presidenten på Island, Guðni Th. Jóhannesson, for å observere målingane.

31
32

FN sitt verdsmål nr. 13 handlar om klimaet. Korleis vi får bremsa temperaturstigninga, slik at isen ikkje smeltar. Kva tenkjer du ein kan gjere?

33
Ein isbre forsvinn - målingar på Sólheimabreen

Foto/ Myndir/ Asseq/ Valokuva/ Govvá/ Guvvieh/ Nuotraukos/ Fotod/ Bil/ Photo:
S1+8+10+12+14+16+18+20+22+24+26+28+30:: Jón Stefánsson, Hvolsskóli
S4: Αντιγόνη - commons.wikimedia.org
S6: Diego Delsa - commons.wikimedia.org
S22: LBM1948 - commons.wikimedia.org
S32: Global goals.org
Forrige side Næste side
X