Skipta um
tungumál
Den gamle naturreligionen til samane
Den gamle naturreligionen til samane

Inga Anna Karin Buljo Áhren jïh Anita Dunfjeld-Aagård - Snåasen skuvle

þýtt á nýnorska frá Linda Eide Onarheim
3
4

Tidlegare hadde samane i Noreg, Sverige, Finland og Russland ein eigen samisk religion. Den gamle samiske religionen var nært knytta til naturen.

5
6

Samene trudde at alt på jorda, som fjell, steinar, sjøar og tre hadde sjel.

7
8

Dei trudde verda var delt opp i ulike delar. Øvst var himmelen kor dei øvste gudane heldt til, i midten var menneska og åndene, og nedst var den underjordiske verda. Dit kom menneska når dei døydde.

9
10

Torevêr, sola, vinden og andre jordiske krefter var gudar. Gudane kunne hjelpe menneska med fiske, jakt og når menneska blei fødde eller døydde.

11
12

Sola gir lys og varme. Ho er difor viktig for alt som lever. Sola er den største og viktigaste jordiske krafta som alltid har vore viktig for samane. Sagn fortel at samane er solas barn.

13
14

Maasteraahka, urmodera, tok vare på heile samfunnet. Ho hadde tre døtre. Saaraahka hjelpte til under jakta, og ho kunne byte kjøn på fosteret slik at det blei fødd ein gut. Oksaahka passa på inn- og utgang, og ho beskytta mor og barn etter fødselen.

15
16

Når menneske døydde, trudde dei at dei kom til den underjordiske verda. Ho var nesten som vår verd, berre at det var mykje betre og finare der.

17
18

Noiden, sjamanen til samane, var mellom menneska og gudane. Han lækte, ofra til gudane og kunne spå og bruke tromma (runebomma). Han kunne òg dra til den underjordiske verda for å be om råd.

19
20

Tromma, hammaren og visaren var noiden sine verktøy når han skulle spå, tromme og reise til underverda. Men vanlege folk kunne òg bruke tromma for å sjå korleis jakta kom til å gå eller kvar dei burde flytte.

21
22

Inga tromme er lik, men vi kan se om den er frå sørsamisk, lulesamisk eller nordsamisk område.

23
24

Tromma har bilete av ulike gudar, dyr reingjerder gammer, hus og mykje meir.

25
26

Samane ofra til gudane slik at gudane skulle vere snille og hjelpe menneska. Offerstaden kunne til dømes vere stor kløvde steinar, bergsprekkar, øyer, steinar som stikk opp av vatnet og vasskjelder.

27
28

Dei kunne òg ofre heime i gamma. Her var det spesielt kvinnene som ofra til Saaraahka, fødselsgudinna. Ho budde under eldstaden. Oksaahka heldt til under dørstokken og Joeksaahka, jaktgudinna, heldt til under den heilage staden inst i gamma.

29
30

Kvifor trur du vi seier at den gamle religionen til samane var ein naturreligion?

31
Den gamle naturreligionen til samane

Foto/ Myndir/ Asseq/ Valokuva/ Govvá/ Guvvieh/ Nuotraukos/ Fotod/ Photo:
S1+24: Old.no 
S4: Knud Leem (1767) - commons.wikimedia.org
S6+16+26+30: Anita Dunfjeld-Aagård
S8: Katarina Blind - (Gïelem nastedh 2016)
S10+12: Pixy.org
S14: Etter Ernst Manker - 1950
S18: Johannes Schefferus - 1673 - commons.wikimedia.org
S20: NTNU Vitenskapsmuseet - flickr.com + Nordiska Museet
S22: Tor Gjerde - commons.wikimedia.org
S28: Liisa Jåma - Saemiensitje - instagram.com
Forrige side Næste side
X