Molsso
Giela
JESPER WUNG-SUNG -eit dansk forfattarskap

Mathilde Wieben Meyn - Haahrs Skole, Svendborg

Jorgaluvvon ođđadárogiella Linda Eide Onarheim
3
4

Jesper Wung-Sung er ein dansk forfattar. Han blei fødd i Marstal på Ærø 23. mai 1971. I dag bur han i Svendborg med kona si og dei to sønane deira.

5
6

7 år gamal flytta Jesper til USA med familien sin. Det var ei heilt anna verd. Jesper kjende seg annleis og åleine fordi han ikkje kunne snakke engelsk. I dag samanliknar Jesper det med då oldefaren hans kom til Danmark frå Kina, og heller ikkje kunne dansk eller kjende nokon.

7
8

Jesper gjekk fyrst på gymnaset i Nyborg og budde på Nyborg Kostskole. Han bytte seinare til Svendborg Gymnasium. Det var heldig, for det var nemleg der han møtte kona si, Christina.

9
10

I 1998 utgav Jesper si fyrste bok. Etter det har han skrive mange bøker og vunne flotte prisar. Bøkene til Jesper er omsette til fem språk. Bøkene er så gode at fleire av dei er blitt til film eller skodespel.

11
12

Bøkene til Jesper er kjende og elska av folk i alle aldre. Den fyrste boka hans, “To ryk og en aflevering”, blei utgjeven i 1998. Boka fekk han ‘Debutantprisen’ for, og ho er blitt filmatisert. Ei av dei kjende voksenbøkene til Jesper heiter “En anden gren”. Boka vann ‘De gyldne Laurbær’ i 2017.

13
14

“En anden gren” handlar om oldeforeldra til Jesper, San og Ingeborg. San kom frå Kina til Danmark, der han møtte oldemora til Jesper. San var vist fram i Tivoli, fordi folk syntest det var spennande å sjå korleis ein kinesar såg ut.

15
16

San og Ingeborg forelska seg og gifta seg. Men det var ikkje lett. “En anden gren” er ei av dei viktigaste og mest personlege bøkene til Jesper.

17
18

Du har kanskje sjølv lese eller høyrt om ei av bøkene til Jesper? Til dømes “Zam”, “Guldfisken Glimmer”, “Drengen der ville redde julemanden fra at blive skåret i skiver” eller “En-to-tre-nu!” Mange av bøkene til Jesper har til felles at dei handlar om vanskelege emne som det å vere annleis, sjuk eller einsam.

19
20

Det er moro å tenkje på at då Jesper var barn, kunne han ikkje drøyme om å lese ei bok. Han var nemleg fotballgut. Den gongen var han Manchester United - fan, og det er han framleis. Det er jo ein kjempeskilnad frå det, til i dag å vere ein av dei største forfattarane i Danmark.

21
22

Då Jesper var barn hadde han ekstrajobb som avisbod. Det var verkeleg ikkje noko han likte. Ein dag enda han med å kaste alle avisene i havet. Det var den fyrste og siste vanlege jobben hans. For det er viktig for Jesper å vere fri. Fri til å leve livet kvar dag. Fri til å lese og skrive bøker.

23
24

Har du lese ei bok av Jesper Wung-Sung? Les du bøker på fritida?

JESPER WUNG-SUNG -eit dansk forfattarskap

Foto/ Myndir/ Asseq/ Valokuva/ Guvvieh/ Nuotraukos/ Photo:
S1: Bogforsider 
S4: Christina Wung-Sung
S6+8+14+20: Privateje 
S10: “En-To-Tre-Nu!”- filmplakat + Privateje + White Raven
S12+16+18: Bausagerbooks 
S22: Maria Fonfara - Information.dk
S24: Anders Dyhr - commons.wikimedia.org

Se mere: www.wungsung.dk
Forrige side Næste side
X