Skift
språk
Kjenner du til Troms?
Kjenner du til Troms?

Connie Isabell Kristiansen

Oversatt til nynorsk av Silje Jerpstad
3
4

Troms er eit fylke som ligg langt nord i Noreg.

5
6

Troms er kjend for sine høge fjell og frodige fjordar.

7
8

Det er eit svært variert klima i Troms. Det kan variere opp til 60 gradar frå lågaste til høgaste temperatur, i løpet av eit år.

9
10

I omtrent to månadar i året er det mørketid i Troms. Det betyr at store delar av døgnet er mørklagt, og at sola er under horisonten mellom fire og åtte veker i strekk.

11
12

Når det er mørkt ute kan ein sjå nordlys på himmelen. Nordlys oppstår når partiklar frå sola treffer atmosfæren på jorda.

13
14

Når sola vender tilbake, feirar ein med ein solfest. Da et ein solbollar og syng soltrall.

15
16

På sommaren er det midtnattsol i heile fylket. Det betyr at sola er over horisonten heile døgnet.

17
18

Tromsø er den største byen i Troms. Det bur cirka 72 000 menneske her. Byen blir òg kalla for Nordens Paris.

19
20

Du kan møte på bjørn viss du reiser inn i dei djupe skogane i Troms. Bjørnen er det største rovdyret i Noreg.

21
22

Det finst mykje elg i Troms. Det er det største pattedyret i Noreg.

23
24

Gaupe er eit kattedyr som vandrar i Troms. Dei er veldig sky. Gaupe er det einaste viltlevande kattedyret i Nord-Europa.

25
26

Kjenner du til andre fylke i Noreg?

Kjenner du til Troms?

Foto/ Myndir: S1+14+18+26: Kurt Kristiansen S4: Wikipedia.org S6+8+10+16: Rune Thorleif Kristiansen S12: Connie Isabell Kristiansen S20: Robert Balog - Pixabay.com S22: David Mark - Pixabay.com S24: Werner Moser - Pixabay.com
Forrige side Næste side
X